RUM samling i Sogn og Fjordane
Laurdag 26.november er det klart for sesongens første RUM-samling for jenter født 2001, 2000 og 1999 i Førdehuset.
RUM er eit spissa tiltak for dei beste spelarane i Sogn og Fjordane. Det er klubb/klubbtrenarane si oppgåve å melde inn namn på aktuelle spelarar. Kven som vil få delta på desse samlingane blir bestemt i samråd med spelarutviklar, klubbtrenar og region. Deltaking på RUM kan også føre til uttak på andre regionale tiltak som spissa gruppe, bylag og regionslag.
Trenar for RUM denne sesongen blir Kristinn Gudmundsson. Han er òg trenar for Førde sitt 2.divisjonslag.
Informasjon om dette tiltaket vart sendt ut til klubbane i forrige veke. Frist for påmelding er allereie fredag 18.november. Ved spørsmål, ta kontakt med regionen sin medarbeidar i Sogn og Fjordane Oddny Grete Njøten.