Annonse
Håndballjentenes håndballskole

Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Soneturnering Førdehuset  640x360.jpg

Soneturnering i Førdehuset for sone 1-3

Laurdag 8. mars arrangerte NHF Region Vest soneturnering for dei ulike sonemiljøa i sone 1-3 i aldersgruppa 13-15 år.

I gamle Sogn og Fjordane har NHF Region Vest denne sesongen lagt opp til sonesamlingar for aldersgruppene 2009, 2010 og 2011. Sonesamlingane er eit tilbod til spelarar som har stor treningsvilje, handballinteresse og som t.d viser speleforståelse, spennande fysiske forutsetningar og individuelle eller taktiske ferdigheter. Det har totalt blitt tilbudt 5 samlingar for alle grupper gjennom sesongen i sone 1-3. Sonemiljøa har blitt delt inn geografisk og sonevis, i den grad det har vore mogleg. Nokre grupper har og vore samanslått for å øke antal spelarar og kunne gi eit betre tilbod for alle.

Dei aller fleste spelarane har vore ein del av det samme sonemiljøet heile sesongen. Dei har deltatt på økter med ulike tema, leda av dyktige trenarar engasjert av NHF Region Vest. Her har dei fått ny inspirasjon og nye referansepunkt ved å kunne trene saman med spelarar frå andre klubbar. Målet har blant anna vore å fremje utvikling av ferdigheter og speleforståelse.

Som eit tilbod om ein fin avslutning på årets sonesamlingar, inviterte derfor NHF Region Vest til soneturnering for alle klassar i Førdehuset. Fokuset var at turneringa i likhet med samlingane skulle vere eit utviklingstiltak. Det var derfor ikkje lagt opp til finalespel eller premiering. 

Laga på turneringa var hovudsakleg satt saman av spelarar frå eige sonemiljø. Dei aller fleste klubbar i sone 1-3 var representert, noko som er veldig kjekt. Alle laga spelte kampar mot laga frå dei andre sonene i sin aldersklasse. Der det var behov, f. eks i større eller mindre sonemiljø, hadde NHF Region Vest delt spelarane på fleire ulike lag eller slått saman lag frå dei ulike sonene, for at alle som var påmeldt skulle få eit tilbod om å delta. Fleire av spelarane kjente dermed ikkje kvarandre så godt frå før av, men løyste det å spele saman på ein kjempefin måte. Regionen hadde og skaffa flinke og engasjerte trenarar til alle lag, som tok jobben på alvor. Trenarane laga eige kamprop for laga sine for å skape lagfølelse, sørga for tilstrekkelig speletid for alle og motiverte og veileda spelarane og laget sitt på ein veldig fin måte gjennom alle kampane.

imagefvab.png    imageceu7x.png

image9our.png    imageuf3bo.png

Trenarane gjorde ein formidabel jobb frå sidelinja

Til stades på turneringa var Johan Johnsson, sjef for Utviklingsavdelinga i NHF Region Vest. Han hadde i forkant ein gjennomgang med trenarane om deira rolle under turneringa og holdt og ei inspirasjonsøkt for gutter 2009.

image6qtcyo.png    imageq6m2.pngGjennomgangsmøte med trenarar og treningsøkt for G2009 med Johan 

Det var og dommarutviklingstiltak ifbm turneringa. I likhet med samlinga på Sandane i januar var det lagt opp til teorikurs først, leda av dommermedarbeider i regionen Elisabeth Nygaard. Dommarane fekk så komme seg på parketten og leda kampar i aldersklassar på sitt nivå med god veiledning frå sine dommarutviklarar. NHF Region Vest ønsker at slike turneringar eller dagar med mykje kampar og kan brukast til å rette fokus på utvikling av dommarar, dommarrekruttering og deira rolle på ei handballbane.

Lagbilde dommer.jpg

Dei fleste dommarane som dømte kampane under turneringa samla

imagea2eif.png    image88br.png

imageuiit.png    imagelq3x.png

Dommerne var fokuserte under turneringas kamper.  

Dei første kampane starta kl 11 og dei siste var slutt kl 17. Det var og mykje tilskoderar på tribuna og god stemning i hallen gjennom heile dagen. Veldig kjekt at det kom så mange frå heile Trivselsfylket for å delta eller sjå på turneringa. 

imagewtuo.png    imagehktr.png    

J2009: Sunnfjord mot Nordfjord og Sogn mot Sunnfjord

imagesf2a2.png    image5auok.png

G2010/2011: Nordfjord/Sogn Svart mot Sunnfjord Blå og Nordfjord/Sogn Rød mot Sunnfjord Kvit

image3vsj5.png    imagebxo8c.png

J2010 Sunnfjord Kvit mot Nordfjord og J2011 Sunnfjord Blå mot Nordfjord 

Vi må rette ein stor takk til Førde IL Handball, som stilte sporty opp med folk til dugnadsarbeid og tok seg av sekretariatet under heile dagen, samt til Førdehuset som la godt til rette for oss på alle plan. Ikkje minst må vi takke Rema 1000 Øyrane i Førde som sponsa mat og drikke til alle dommarane og trenarane og sørga for nødvendig påfyll av energi gjennom ein lang handballdag. 

imagerkoj.png    verdier.jpg

Vi føler at våre verdiar Begeistring, Respekt, Innsatsvilje og Fair Play kom godt til syne under turneringa og at #verdiløftet blei ivaretatt.

Vi håpar at tiltak som dette, i tillegg til å vere eit utviklingstiltak, og skal kunne sørgje for at spelarar, dommarar og trenarar kan bli litt betre kjent på tvers av klubb og lag og at det såleis blir ekstra kjekt å treffast neste gang man er i samme hall. 

Vi gledar oss alt til neste soneturnering!