Annonse
2024 ellaandil

Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Dommer_Tema_3_listebilde_325x183_web.png

Dommarsamling i Trivselshagen

Lørdag 18. januar arrangerte NHF Region Vest dommarsamling for utviklingsgruppe 3 på Sandane.

Lørdag 18. januar arrangerte NHF Region Vest dommersamling for utviklingsgruppe 3 i Trivselshagen på Sandane. Regionen hadde satt opp 17 ungdomskampar i aldersgruppa 12-16 år. Det gjorde at vi og kunne samle mange av dommarane i sone 1-3 på samme tid og i samme hall, der dei fekk dømt mange kampar på sitt nivå gjennom ein heil dag.

Totalt 26 dommarar var til stades på samlinga, inkludert dommaransvarlege i regionen, observatørar og utviklarar. Av desse er 15 stk i utviklingsgruppe 3.

imaged2y1.png

imagehrjeh.png

images796.png

Det heile starta opp med teori kl 10 med gjennomgang av reglar, retningslinjer og viktige kriterier å huske på i gitte kampsituasjonar. Teorikurset blei leda av Elisabeth Nygaard, dommarutviklingsmedarbeidar i NHF Region Vest. Dommeransvarlig Tom-Erik Lindhjem i regionen var og til stades. I tillegg var observatørar og utviklarar på plass gjennom heile dagen for å følgje opp dommarane best mogleg.

image4671xh.png

imagedrcne.png

Ved ei slik samling fekk dommarane, i tillegg til fagleg påfyll, moglegheit til å snakke saman gjennom ein heil dag og diskutere viktige situasjonar, forutsetningar og utfordringar på nivået dei dømmer på. Fokuset er korleis man heile tida kan utvikle seg, både i samspel med makkar, ved rådgjeving frå veiledar og ved riktig og god kommunikasjon med lagleiarar, spelarar, sekretariat og andre aktørar på og rundt ei handballbane. I tillegg fekk man som dommarar og moglegheit til å skape eit lag og ein lagfølelse, der man kunne heie kvarandre fram til gode og stadig betre prestasjonar. Vi treng fleire som er med og støttar dommarane i kamp!

Sist men ikkje minst, fekk dommarane moglegheit til sosialisering seg imellom, som man på ingen måte skal undervurdere viktigheten av. Det blei mange gode samtalar gjennom dagen!

imagebfnj1.png

imageqrlty.png

image08lj.png

imagekgnh.png

Dei første kampane starta opp kl 12 og dei siste var ferdig rundt kl 18. Det var med andre ord ein lang dag med mykje handball og mykje god stemning, både på bana og tribuna, som ga gode vilkår for utvikling.

imagew9azm.png

imageu7yz.png

imagep9yq.png

image91vw.png

For laga som deltok ønska man i tillegg å skape ein slags cup-følelse med arrangementet. Arrangørklubbane Gloppen, Sandane og Breimsbygda gjorde og ein kjempejobb som arrangør. I periodar kunne man og høre dei berømte kubjellene på tribunene i Trivselshagen, som ga assosiasjonar til disse VM-dagar.

For utanom denne samlinga blei det og avholdt dommartrinn 1 kurs i Sogndal torsdag 16.januar, dommarutviklarkurs i Førde fredag 17.januar, samt at det skal og vere trinn 1 kurs i Dale søndag 19.januar. Det har dermed vore ei aktiv helg for våre dommarar!

Dagen ga meirsmak og vi håpar å kunne arrangere fleire og liknande samlingar meir regelmessig og framover i tid! Og husk alltid, er fløyta grønn, bruk ekstra skjønn!

imagetgbu.png