Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

20210515-Hummel-ball-håndball-illustrasjon-Foto-Maren-S-Grini--640-x-360.jpg
Foto: Maren S. Grini / NHF

Trivselsserien er i gang!

Historiens aller første runde i Trivselsserien er spelt og den foregjekk i Årdalshallen fredag 22.11.24.

Tacofredag, kven treng det, når man i staden kan kickstarte helga inne i ein handballhall full av folk? Dersom ein i tillegg legg til heile fire handballkampar med god underhaldning og massevis av harde duellar, skudd, kontringar, saftige taklingar og klisterlukt, så begynner vi å snakke om ein kombinasjon som kan vere vanskeleg å slå! Når fredagen kjem går mange heim og legg seg på sofaen etter skule og jobb, men det var nokon som hadde andre planar denne fredagen!

Fredag 22.11 var det nemleg endeleg oppstart av historiens første kampar i Trivselsserien for senior kvinner i Årdalshallen! Trivselsserien er eit nytt konsept som NHF Region Vest tilbyr i sone 1-3 frå og med denne sesongen, som ein rein aktivitetsserie. Fokusområdet er heilt enkelt at handball skal vere moro og handball er for alle! Her er det ingen jag etter prestasjonar, tabellar, statistikk og resultat. Det viktigaste er å få fram ekte handballglede hos alle aktørar og alle skal få vere med!

blobid2.jpg

Dei påmeldte laga i denne serien er i år Jotun 2, Årdalstangen, Aurland og Syril. Det er gledeleg å sjå at både Årdalstangen og Aurland er tilbake med seniorlag etter nokre års fravær. I tillegg kjekt at Jotun kan gi eit ekstratilbod til sine spelarar her og at Syril i mange år samanhengande har klart å holde oppe eit seniortilbod til spelarane i klubben.

Det er lagt opp til fire turneringshelger i løpet av sesongen med to kampar for alle lag. Alle lag får tildelt eit arrangement kvar. Første runde i Årdalshallen blei ein fest frå A til Å! Jotun gjorde ein formidabel jobb som arrangør og årdølene og dei tilreisande tilskodarane frå dei andre klubbane svikta ikkje! Er det ein ting sogningar er god på, så er det å lage liv og stemning! Bortimot fulle tribuner og rapportar om over 100 tilskodarar vitnar om at dette hadde folk gleda seg til. Og det kan sjå ut som at forventningane innfridde.

imagejyf19.png

I Trivselsserien blir laga einige om speletid og kampform sjølve. Alle laga ønska i dag å spele 2 x 20 minutts kampar på full bane, 7 mot 7. Alle lag hadde og fleire spelarar på benken, så det var tydeleg at det var mange som ville vere med på dette.

imagedi9ag.png

 

image4t0t.png

 

 

imageg36ni.png

Det heile starta opp kl 17 med lokaloppgjer mellom Jotun og Årdalstangen, ein kamp som ikkje har sett dagens lys på mange år. Deretter fulgte kampane tett i tett, Syril-Aurland og Årdalstangen-Syril, før kvelden vart avslutta med Aurland-Jotun. Når kampane var ferdig, så var klokka nesten 21.00 om kvelden.

imagehx4ji.png

 

 

imagezi9w.png

 

imagem7k3.png

 

imagewjash.png

Dagens dommarpar, Per Reidar Svangstu og Sunniva Rundereim-Håre, hadde full kontroll og leda kampane på ein kjempefin måte. Med fire kampar på rad, tett etter kvarandre, var det ikkje berre spelarane som fekk seg ei god treningsøkt. Sekretariatet gjorde og ein oppskriftsmessig god figur frå sidelinja.   

imagetnwtu.png

 

imageqopum.png

Det er alltid lov med engasjement, uansett kva motivasjonen med handballkampar er. Når vi plussar på masse smil og latter, heiarop, jubel og god sportsånd frå både benken og tribuna, så må vi kunne seie at namnet Trivselsserien dekkar godt det vi fekk sjå i dag.

Vi takkar både arrangør, spelarar, dommarar, sekretariat og publikum for ein flott dag og håpar at dei neste arrangementa blir like moro. Det lovar i alle fall godt for fortsettelsen!

Ein ting er sikkert, det viktigaste av alt er at handball er gøy og det har vi ein følelse av at det var mange som opplevde i dag.