Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

LERØY CAMP LEIKANGER.jpg

Rapport fra Lerøy Camp i Leikanger

NHF Region Vest arrangerte i samarbeid med Syril Handball - Lerøy Camp i Leikangerhallen 10-11 oktober.

VELLYKKA LERØY CAMP PÅ LEIKANGER:

29 spente ungdommer hadde meldt seg på, derav 6 gutar og 23 jenter, delt opp i to ulike treningsgrupper i Leikangerhallen. Spelarane frå sogne-regionen kom frå klubbane Syril, Jotun, Årdalstangen og Hafslo/Bjørn. I tillegg kom det fleire spelarar frå Høyang og Eid, samt ein spelar frå Bremanger. Vi er veldig glade over at det var fleire ulike klubbar representert frå Trivselsfylket og at det og kom spelarar som ville reise noko lengre for å delta på campen.

01.jpg

Duellspel og val

På timeplanen sto fire handballøkter på to dagar. Torsdag var tema for øktene kast og mottak, samt duellspel og val. Fredag sto basistrening, teknisk trening og individuell forsvarsteknikk på agendaen. Det var lagt opp til varierte øvelsar på kvar av temaøktene. Den første økta på torsdagen ga spelarane innblikk i viktigheten av å kunne beherske kast og mottak på ulike måtar, med ekstra fokus på å kunne kaste og ta imot ballen i fart framover i bana, gjere truverdige pådrag og samtidig kunne true mot mål. Torsdagens andre økt hadde som hovedfokus å la spelarane kunne teste ut og lære korleis man best mogleg kan ta duellar t.d 1 mot 1, 2 mot 2, 3 mot 3 eller i overtalsspel, finne rom og ta gode valg med ballen.

02.jpg

Fredag=basisdag

Basistreningen på fredagen hadde som mål å gi spelarane forståelse for viktigheten av styrking og utvikling av kjernemuskulatur og muskelgrupper brukt i handball, samt nødvendigheten av basistrening som skadeforebyggande trening. I den tekniske delen av økta blei spesielt skotteknikk vektlagt. Fredagens og campens siste økt besto av individuell forsvarsteknikk, med mest vekt på forsvarsdelen av spelet. Spelarane fekk testa ut og lært korleis dei kan beherske ulike elementar av forsvarsspel og forstå kvifor det skal vere minst like viktig og gøy å spele forsvar som angrep. Spelarane fekk og innblikk i korleis samarbeid mellom forsvar og målvakt på t.d. distanseskot kan fungere best mogleg.

03.jpg

Fine dagar

Alt i alt har det vore to fine dagar og ein utrulig kjekk opplevelse. Vi rettar ein stor takk til alle spelarane som kom. Spelarane var ein utruleg positiv, lærevillig, nysgjerrig og disiplinert gjeng! Dei ga uttrykk for å ønskje å utvikle seg som handballspelarar, men først av alt har dei det veldig gøy med handball! Vi rettar og ein stor takk til Lerøy som serverte oss fantastisk god sushi til lunsj. Ikkje minst ein stor takk til Syril Handball med leiar Olav Andersson Haugen i spissen. Han og dei frivillige i dugnadsgjengen har lagt ned ein formidabel innsats med å tilrettelegge best mogleg for oss med gode treningsfasilitetar, bruk og lån av nødvendig utstyr, samt gi spelarane nødvendig energipåfyll mellom øktene med både mat og drikke. Fleire spelarar stilte oss og spørsmål før dei reiste heim når neste Lerøy-camp skulle vere. Det tar vi som eit teikn på at det har vore ein kjekk handballopplevelse, noko vi er veldig glade for!

04.jpg