Lysglimt i hverdagen!
For utøvere med funksjonsnedsettelse eller som av av årsaker ikke finner seg til rette på det ordinære laget!
Året har ikke blitt som vi forventet. Vi har ikke spilt kamper, vært på cuper, ja vi har så vidt fått trene. Hverdagen slik vi kjente den, ble brått revet fra oss den 12. Mars 2020! Covid- 19 skulle bli den store stygge ulven denne gangen.
Men selv i den grå og triste hverdagen kan man finne store lysglimt😊 De finnes blant annet hos lagene i Rema 1000 TH- serien på Vestlandet. Her er det håndballglede, mestring, fellesskap og vennskap som står i fokus.
I tiden fremover vil dere kunne følge med på hva som skjer/ har skjedd hos lagene i Rema 1000-serien den siste tiden, mellom de to bølgene av Covid -19. Tiltakene dere skal få se og følge med på, er det trenere og lagledere som står for. Uten dem hadde hverdagen for disse utøverne nok ikke hatt så store lysglimt.
Neste lag ut i denne reportasjen om TH lagene i Vest er Florø United. De skriver:
Vi i Florø har vore heldige i denne tida, tross alt! Vi har hatt lite smitte rundt oss, og det er vi veldig glade for. Etter nedstenginga kom i Mars, hadde våre flotte utøvarar turgåing på arbeidsplassen sin. I tillegg ga vi ut ein aktivitetsbingo med 25 ulike aktivitetar, der dei måtte gjere mykje forskjellig. Alt frå ulike turar, til å kaste doruller/trådnøste i veggen og støvtørking i heimen. For å auke motivasjon hadde vi fått premiar frå klubben vår, Florø SK handball. Select treningssekk med småting oppi sekken, var kjekk premie. I slutten av Mai fekk nokre treningar som gjorde godt for oss alle :)
I haust har vi trena både ute og inne. Vi har sprita hender, ballar og stolar. Kasta ball i veggen, ulike stafettar og gjort så god aktivitet som vi har klart å komme på. Det har vore utfordrande å halde 1 m avstand, men vi har prøvd så godt vi kan. Vi har savna kampar, klemming, samtaler på tvers av laga og dei sosiale aktivitetane.
Når meldinga frå Region Vest kom om at premiane frå sesongen 19/20 blei sendt ut, ja då for Ruth-Sølvi til Førde og henta premiane. I tillegg få støtte til samling frå regionen, ja då blei det fest i kantina på arbeidsplassen til dei fleste i Florø united. Vi alle pynta oss til fest og jubelen sto i taket. Pizza til alle og beste julebrus frå Rema 1000. Trenarane varta opp med kake og kaffi. Premieutdeling foregikk utan klem av sportsleg leiar i klubben, Olav Hatlemark. Jubelen sto i taket, og alle var kjempeglad for premiane som var tøffe t-shirt frå Rema1000, nye krus til samlinga og ikkje minst medalje.
Vi er heldige og ikkje minst takknemlege som kan samlast 1 gong i veka. Lagbildefekk vi til, men ikkje med 1 m avstand!
No ser vi fram til sesongen 21/22.
God førjulstid ynskjer vi alle i Region vest frå Florø.