Nore Neset søker utviklingsansvarleg
Nore Neset idrettslag har ledig stilling som utviklingsansvarleg handball i 60% stilling.
Nore Neset Idrettslag er eit fleiridrettslag i Os kommune som tilbyr aktivitet innan handball, fotball og allidrett. Idrettslaget har vel 650 medlem frå 5 år og opp.
Visjon vår om at “Nore Neset Idrettslag skal tilby idrettsglede og utfordringar for alle” skal vi jobba aktivt med kvar dag, og med sterkt fokus på verdiane våre vennskap, meistring og respekt. På denne måten skal vi nå misjon vår om å skapa ein Plass til alle!
Som ein viktig del av å driva utviklingsarbeidet i handballgruppa vidare ser vi no etter ein strukturert og fagleg sterkt person, ein lagspelar som er god med menneske.
Som Utviklingsansvarleg handball vil du ha ansvar for å leia, organisera, vidareutvikla og kvalitetssikre idrettslaget sitt handballtilbod på dagtid (HFO og morgontrening) og kvelds- og helgeaktivitetar i samspill med sportsleg utval og trenarar.
Stillinga vert fulgt opp- og rapporterer til dagleg leiar og er et 2-årig engasjement, med moglegheit for forlenging.
Ansvarsområder:
Organisering og leiing av klubben sitt tilbod- og ekstratilbod som:
- Kvalitetssikring av rekrutteringsplan og oppstartsfase.
- Rekruttering og oppfølging av trenarar for årskulla.
- Gjennomføring tiltak som sikrar høg kvalitet på aktiviteten gjennom oppstartsåret.
- Dagleg leiing og gjennomføring av klubben sin handballfritidsordning (barneskule).
- Dagleg leiing og gjennomføring av klubben sitt handballakademi (ungdomsskule)
- Ansvarleg for vidareutvikling og implementering av vår sportsplan.
Ansvarleg for tiltak/arrangement retta mot årsklassen som:
- Handballskular i feriar og på fridager.
- Evt. turneringar.
- Andre aktuelle tiltak.
Administrative oppgåver etter nærare avtale.
Utviklingsansvarleg vil inngå i handballgruppa til Nore Neset Idrettslag sitt sportslege utval.
Ønskede kvalifikasjoner:
- Idrettsutdanning frå høgskule eller universitet.
- Pedagogisk utdanning og erfaring fra arbeid med barn.
- Minimum trenar 1 med ambisjonar om å ta trenar 2 og vidare trenarutdanning.
- Relevant erfaring kan kompensera for manglande formell kompetanse.
Personlege eigenskaper:
- God evne til å organisera, leia og samarbeid
- God evne til innovasjon og utvikling
- Lojalitet til klubbens overordna visjon og verdiar.
- Strukturert og løysingsorientert.
- Evne til å skapa engasjement og ønske om bidrag frå våre mange dyktige frivillige.
- God til planlegging, organisering og gjennomføring av aktiviteter og tiltak.
- Beherskar norsk og engelsk, skriftlig og munnleg godt.
- Gode IKT-ferdigheitar.
Andre faktorar som vert vektlagt:
- Du bør ha sertifikat.
- Du må ha stor arbeidskapasitet.
- Det må påreknast at det i periodar vert jobba noko kveld og helger, relatert til gjennomføring av tiltak, og samspel med øvrige frivillige.
- Lønn etter avtale.
Eventuelle spørsmål kan rettast til:
Eirik André Hesthamar
Dagleg leiar
E-post: dagligleder@nnil.no
Mobil: 950 89 824
Sindre Lom
Sportleg leiar
E-post: sindrelom@gmail.com
Mobil: 97 07 18 81
Søknad med CV og andre relevante vedlegg sendes til Nore Neset IL på epost dagligleder@nnil.no
Søknadsfrist: 15.september 2019.
Oppstart: Etter avtale