Inspirasjonssamlingar for J&G 2006
NHF Region Vest arrangerer Inspirasjonssamlingar for jenter og gutar født 2006
Inspirasjonssamlingar for jenter og gutar født 2006 er eit breiddetilbod for ivrige jenter og gutar 12 år som har lyst til å trene litt ekstra i tillegg til sine eigne klubbtreningar. Målet med dette tiltaket er å skape gode treningsøkter med fokus på meistringsfølelse og individuell teknikk, samstundes som at det skal vere ei kjekk, lærerik og positiv oppleving. Her vil spelarane få trene med spelarar frå andre klubbar, samt få instruksjon og rettleiing av trenarar som dei ikkje har til vanleg.
Den enkelte spelar melder seg på sjølv, og det er plass til 25 utøvarar på kvar samling. Her er det prinsippet om førstemann til mølla som gjeld. Det er sjølvsagt mulig for ein og same spelar og melde seg på alle samlingane. Kvar enkeltsamling kostar 200 kr. Påmeldinga er bindande.
Samling 1: Tirsdag 27.november kl 18.00-20.00 i Sogndal Idrettshall. Påmelding her.
Samling 2: Fredag 7.desember kl 18.00-20.00 i Strynehallen. Påmelding her.
Samling 3: Fredag 4.januar kl 18.00-20.00 i Florø idrettssenter. Påmelding her
Etter nyttår vil det bli sett opp Inspirasjonssamlingar i Hordaland òg.