Idrettens Møteplass 2017
Bli med på årets møteplass for idretten i Sogn og Fjordane! Laurdag 11.november i Sogndal.
Sogn og Fjordane Idrettskrins arrangerer 11.november Idrettens Møteplass 2017 i Sogndal Møteplassen er open for alle og dagen startar med foredrag av Johan Kaggestad "Allsidig grunnlag for å nå toppen".
For utøvarar mellom 12-16 år skal det vere ei "Treningssamling på tvers", med Even Hole og Mathias Lilleheim som begge har stor kompetanse og lang erfaring frå idretten.
Mathias er tidligare spydkastar, har 28 års erfaring frå Olympiatoppen m.a som fagkonsulent med kraft/styrke og er spesielt opptatt av moderne funksjonell styrketrening.
Even er tidligare toppalpinist, har lang erfaring som alpintrenar både for toppløparar internasjonalt og for yngre utøvarar, og er no trenar for alpinistane i fylket.
I tillegg skal der vere idrettsrådssamling og kurs om økonomistyring for idrettslag.
Vi i NHF Region Vest oppfordrar både utøvarar, tilitsvalte, frivillige, trenarar, foreldre og andre til å delta denne dagen. Meir informasjon om programmet og påmelding finn de her.
Påmeldingfrist er 3.november