Minihandball SF haust
Det er no tid for å melde på lag til haustens serierundar i minihandball i SF. Påmeldingsfrist er 1.oktober.
Påmelding minihandball haust 2017
Fristen for å melde på lag til miniturneringane i haust er 1.oktober. Før ein melder på lag er det viktig at klubbane tek ein runde med dei ulike trenarane og høyrer om det er endringar i antall spelarar i treningsgruppene, slik at ein stiller med riktig antall lag i haustsesongen.
Datoane for miniturneringane i Sogn og Fjordane finn de her: https://www.handball.no/regioner/region-vest/kampaktivitet1/barn-6-12-ar/minihandball/rundedatoene/
Les meir om påmelding på handball.no: https://www.handball.no/regioner/region-vest/kampaktivitet1/barn-6-12-ar/minihandball/pamelding/
I minihandball så kan laga meldast på i desse klassane:
- Jenter/gutar 6 år (2011)
- Jenter/gutar 7 år (2010)
- Jenter/gutar 8 år (2009)
- Jenter/gutar 9 år (2008)
Dersom klubbar i ein årsklasse ikkje har nok gutar og jenter til å stille "reine" lag, må ein melde på lag i guteklassen og benytte jenter på laget, ikkje motsett. Alternativt kan ein spele i årsklassen over om klubben har tilbod der.
Lykke til!
Vi minner også om datoane for Møteplassmøtene i sone 1-3 som er 7.-9. november. Då kjem vi til å arrangere Barnehandballseminar slik som i fjor.