Målvaktsprosjekt i Sogn og Fjordane
NHF Region Vest startar opp målvaktsprosjekt for spelarar født 2001-2004
Prosjektet kjem til å bestå av fem samlingar iløpet av sesongen og er for gutar og jenter født 2001-2004 i sone 1-3. Målet er å lage eit positivt utviklingsmiljø der målvaktene får innføring og opplæring i ulike målvaktsteknikkar og korleis ein kan trene for å bli betre. I tillegg inngår fysisk og mental trening. Det blir lagt stor vekt på taktiske ferdigheiter der blant anna trening av skuddforståelse og samarbeid med forsvaret inngår.
Trenar for prosjektet er Szymon Kac. Han har bachelor i idrett og har gjennomført trenar 2 utdanning i NHF. Han har lang erfaring både som målvakt sjølv og som målvaktstrenar.
Målvaktene vil få tett og god oppfølgjing på eigen teknikk og eigne ferdigheiter. Ei samling består av ca 30 min teori/prat (enkel teorigjennomgang, eventuelt status siden sist osv) og ca 90 min trening.
NB! Klubbane som har deltakarar med i prosjektet må stille treningstid til disposisjon.
For kven er tiltaket?
Målvaktsprosjektet er eit tilbod til alle målvaktene i sone 1-3 født 2001-2004 og deira trenarar. Vi forventar at trenarane deltek saman med spelarane på samlingane, og det er eit krav at trenar er til stades på den første samlinga.
Fakta
- 5 samlingar i løpet av sesongen.
- Oppstart i oktober
- Påmeldingsavgift kr 1000 per deltakar for alle fem samlingane.
- Gratis for trenarane
- Vi må ha minimum 10 deltakarar for at prosjektet skal setjast i gong.
- Trenar: Szymon Kac
Påmelding:
Frist for påmelding er fredag 22.september. Påmelding gjer du her.
Har du spørsmål om tiltaket så ta kontakt med Oddny Grete Njøten i NHF Region Vest, (tlf: 99158771) eller målvaktstrenar Szymon Kac (tlf 92524677)