Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

bring_lerøy skal ikke brukes

Handballcamp i Førde

I morgon møtast 40 ungdommar frå heile Sogn og Fjordane til Lerøy Handballcamp i Førdehuset.

Denne saken er eldre enn ett år, og kan inneholde utdatert informasjon.

Påmeldinga til handballcampen i Førdehuset har vore svært god og heile 40 jenter og gutar i alderen 12- 16 år skal delta. Det blir tre dagar med mykje god trening der spelararne får individuell oppfølging frå erfarne og dyktige trenarar.  

I trenarstaben har vi fått med oss Kristinn Gudmundsson, Øyvind Fougli Vraalsen, Jonny Pedersen, Einar Elde og Ulrik Risberg. Dei skal bl.a fokusere på målvaktstrening, forsvarsarbeid, pådragsspel, skuddteknikkar og finter. Alt dette i relativt små grupper der trenarane har gode muligheiter for å følgje opp kvar enkelt spelar. I tillegg skal spelararane få ei innføring, både teoretisk og praktisk, i fysisk trening i handball og om skadeforebyggjande trening.

Dei skal trene ho økter kvar dag og i pausane vil dei få servert lunsj frå Lerøy.

Vi i Region Vest ønskjer spelarar og trenarar lykke til.