Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

kartlegging2.jpg

Kartleggingssamlingar Sogn og Fjordane

NHF Region Vest inviterer jenter født 2002 og 2003 til kartleggingssamlingar i april og mai.

Denne saken er eldre enn ett år, og kan inneholde utdatert informasjon.

Desse samlingane er eit breiddetilbod til dei ivrigaste jentene som har lyst å trene litt ekstra no når sesongen er over. Vårt mål er å skape gode treningsøkter med fokus på indivduell teknikk samtidig som det skal vere kjekt, lærerikt og ei positiv oppleving.

Vi kjem til å ha tre samlingar, ei i Sogndal, ei i Stryn og ei i Førde. Desse vil finne stad følgjande datoar. 

- Tysdag 25.april kl 18:00-20:00 i Sogndal idrettshall

- Fredag 12.mai kl 18:00-20:00 i Strynehallen

Tysdag 30.mai kl 18:00-20:00 i Førdehuset

Samlingane vil ha maksimalt plass til 20 spelarar, og det er førstemann til mølla prinsippet som gjeld. For å gje muligheit for flest mulig å melde seg på dette tiltaket, så melder ein seg på enkeltsamlingar. Men, det er sjølvsagt mulig for ein og samme utøvar å melde seg på alle 3 tiltaka. Kvar enkelt samling kostar 150 kr per spelar. 

Påmelding for Kartleggingssamling jenter 2002 og 2003:

- Tysdag 25.april i Sogndal, klikk her. Påmeldingsfrist 23.april kl 18:00

- Fredag 12.mai i Stryn, klikk her. Påmeldingsfrist 10.mai kl 18:00

- Tysdag 30.mai i Førde, klikk her. Påmeldingsfrist 28.mai kl 18:00

Spelarane melder seg sjølve på tiltaket, men det er opp til klubb å velje om ein skal betale for spelaren, eller om spelaren sjølv skal betale for tiltaket.

Dersom det blir fullt, så send ein epost til Oddny Grete Njøten og sett deg opp på venteliste.