
Møteplass Sone 2
Møteplass nr to fann stad i det flotte anlegget til Gaular.
Onsdag kveld var det Møteplass i Gaularhallen. I likheit med dagen før så var oppmøte veldig bra. Her var representantar frå handballklubbane i Sone 2, i tillegg møtte dei i frå idrettslag og fotballgruppe.
Klubbane fekk presentere seg og fortelje litt om korleis klubbkvardagen er. Og det er ikkje tvil om at det blir gjort mykje bra arbeid i klubbane rundt omkring.
Anders Fältnäs hadde eit engasjerande innlegg der han utfordra klubbane til å samarbeide meir med dei ulike idrettane i lokalmiljøet.