Fylkesmeisterskap i SF
Laurdag og søndag blir det fullt hus i Trivselshallen når heile 33 lag skal delta på Fylkesmeisterskapet.
Arrangørane Gloppen og Breimsbygda har sidan januar planlagt meisterskapet som skal gå av stabelen laurdag og søndag i Trivselshallen på Sandane.
Heile 30 kampar skal spelast frå tidlig til seint begge dagar. Det er lagt opp til pizzaservering på Gloppen Ungdomsskule for deltakarane. Her må laga sjølve melde seg på seinast torsdag. Påmelding til lunsjen gjer de ved å kontakte norunn.sunde@enivest.net. Pris kr 100 per spelar.
I tillegg til kampane skal det vere klubbledermøte, dommarkontaktmøte og dommarsamling. Heile 17 dommarar og dommarutviklarar skal i aksjon i helga.
Nytt av året er at alle lag i J14 og J15 skal delta, i tillegg skal puljevinnarane i J12, G12 og J13 møtast for å spele om å bli Fylkesmeister i Sogn og Fjordane.
Kampoppsettet finn det her.