Annonse
2024 Ny landslagsdrakt

Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

mini syril.JPG

60 nye handballspelarar i Syril

Stor interesse for minihandball i Syril. Over 60 nye spelarar og 11 nye trenarar.

Denne saken er eldre enn ett år, og kan inneholde utdatert informasjon.

I november starta Syril handball opp med å kartlegge om borna i 1.-3. klasse var interesserte i eit handballtilbod. Responsen var overveldande og etter jul så møtte 60 glade ungar opp på trening  klare for å spele handball.

Trenarar til denne ivrige gjengen er spelarar frå dei eldste aldersbestemte laga i klubben. Desse deltok i haust på barnehandballseminaret som vart arrangert av Region Vest. Dei er 11 trenarar, både jenter og gutar, og desse planlegg treningane med leikbaserte øvingar som gir barna ein flott introduksjon til handball.  Ungane tykkjer det er stas med unge trenarar og foreldrene på tribuna skryter over kor flinke dei er med deira unge håpefulle.

Pia Hickman i Syril, seier at dei er stolte og glade over å ha heile 60 nye medlemmar og 11 nye gutar og jenter i trenarstaben. Dette lover godt for framtida, seier ho.

NHF, Region Vest ønskjer lykke til vidare og er imponert over kva dei har fått til i Syril.