Jobbuke i NHF - Ei oppleving ein ikkje gløymer.
Denne uken har Nora fra Ålesund hatt sin Arbeidsuke her i regionen. Les om hennes opplevelse her
Vi har denne uken vært så heldige å hatt besøk av Nora Celine fra Ålesund. Klassen til Nora skulle nå før sommeren ha arbeidsuke, og måtte tidligere i år begynne å se etter potensielle arbeidsplaser de kunne sett for seg å teste ut. I stedet for å søke i en butikk eller restaurant hjemme Ålesund som de fleste kankje ville ha valgt, valgte Nora å se utenfor Ålesund og hele veien ned til Stavanger.
Nora var her hos oss i Region SørVest i tre dager. Her fikk hun et innblikk arbeidshverdagen vår.
Les om hvordan Nora opplevde uken her i Region SørVest:
Jobbuke med NHF region sørvest- ei oppleving ein ikkje gløymer.
Då eg fekk moglegheita til å jobbe hos NHF Region Sørvest visste eg ikkje kva det gjekk ut på, men eg blei veldig positivt overraska. Som 14-åring og ein handballspelar sjølv, har eg aldri tenkt over alt det som står bak, som blant anna; kampoppsett, banefordeling, dommarane og i år: klargjering til VM.
Måndag 12.juni: Allereie første dagen på jobb fekk eg vere med på mykje. Dagen starta klokka 9 og eg blei møtt av daglig leder, Erik. Eg fekk vere med for å forberede og sjå på lokalet til VM i desember. Gjennom å delta på ulike møter, fekk eg vite kva dei enkelte i handballforbundet har som oppgåver. Eg fekk prøve kostymet til maskoten til VM. Å gå i kostymet til VM i 2023 er ikkje noko som man får oppleve kvar dag, så det var en kul og annleis oppleving. Dagen var over kl. 15.00, noko det skal vere alle dagane eg er her.
Tysdag 13.juni: Den andre dagen starta kl. 8.00, og eg fekk nye spennande oppgåver. Desse inkluderte at eg fekk leggje ut bilete og tekst på regionen sine sosiale media og på heimesida deira, rydde på lageret, og sortere ballar til «kast ballen» på skulane. «Kast ballen» er eit tiltak som skal hjelpe skulane med å få fleire born til å oppleve gleda av å leike med ball. Handballforbundet kjem med ferdige opplegg og sponsar skulane med handballar. Dette er noko eg tenker verkeleg bidrar med å få fleire born aktive i idretten .
Onsdag 14.juni: Dag nr 3, og den siste dagen min her fekk eg nok ei ny oppleving. Eg fekk vere med på å sjå ein eksamen; handballtrening. Å sjå på eksamen av handballspelarar på det nivået, var noko heilt anna. Sjølv om eg berre sat og såg på, fekk eg med meg mykje til inspirasjon og videre trening, og det var veldig spennande.
Denne dagen ble ekstra lang, fordi på kvelden fekk eg moglegheita til å vere med på ei frivillig samling for oppstarten av VM- førebuingane. Eg kom på samlinga og fekk dele ut T-skjorter til dei frivillige. Tida gjekk og eg fekk moglegheita til å møte og snakke landslagstrenaren til jentene; Thorir Hergeirsson, noko som var sykt kult. Vi blei servert god mat og tok oss tid til å ete og kose oss. Det blei heldt presentasjon og under den presentasjonen fekk eg vise fram maskoten til VM 2023. Å vere den som faktisk er bak maska var ekstra morosamt. Seinare på kvelden fekk vi omvising på DNB arena og gruppene som har jobb her fekk vite kva for nokre oppgåver dei skal ha under VM. For at eit meisterskap som VM skal bli arrangert og vellykka bli gjennomført, ligg det mykje arbeid bak, ikkje berre for spelarane på bana, men og dei på tribuna. Eg har aldri tenkt over at det er folk som jobbar med alt dette. Å få vere aktivt med på ei slik samling, var ei heilt vanvitig oppleving å vere med på, og eg er kjempeglad for at eg deltok.
Å få vere med inn i kvardagen og oppleve all jobben bak handballivet, dei tre dagane eg brukte tida mi her, var ei oppleving og læring som eg kjem til å ta med meg vidare i livet, både som tilskodar på tribuna, og som spelar nede på handballbana.
Takk for moglegheita, Region SørVest.
Nora Celine Økland
Vi ønsker å takke Nora for en super innsats denne uken! Vi har storkost oss, og håper vi ser deg på VM i Desember